Hovedmeny:

Linkar:
Fjone Treforedling
Fjoneferga-rutetider
SandnesoddenCamping
Nissedal kommune
Telemarksvegen
Vest-Telemark Blad
Elektronisk post

Fjone skule

Skuledagen vår

Skuledagen er delt inn i to korte og to lengre økter. Vi startar skuledagen kl 08.10 og sluttar kl 13.40. I friminutta er elevane flinke til å nytte det flotte uteområdet. Veret skal vere dårleg om elevane er inne. Dei første vekene over nyttår har me vore meir lempelege i så måte. Bordtennisbordet i gymsalen har vist seg å vere særs populært.

Fjone skule si målsetjing

Fjone skule har desse tre hovudmåla:
* Skulen skal vere ein god stad å vere, ein god stad å lære.
* Skulen skal gje allsidig og god kunnskap.
* Skulen skal lære elevane å ta ansvar for seg sjølve og kvarandre.
Det er eit overordna mål for oss at skulen skal vere ein stad der elevane likar seg. Det er sjølvsagt ein føresetnad for å få så godt utbytte av undervisninga som råd. Me skal alle utnytte våre føresetnader så godt som mogleg, ingen skal heller kreve noko meir. Vi vil setje fokus på elevane sitt læringsmiljø både fysisk og sosialt. Eit godt samarbeid med lokalmiljø og foreldre er naudsynt for å få dette til.

Web: Sjå og Fjone skule på Nissedal kommune
Besøksadresse: Fjonevegen 2238
Telefonnummer: 35048468

© Leif Haugstøyl & Gunnar Fjone  -  www.fjone.no, info @fjone.no