Hovedmeny:

Linkar:
Fjone Treforedling
Fjoneferga-rutetider
SandnesoddenCamping
Nissedal kommune
Telemarksvegen
Vest-Telemark Blad
Elektronisk post

Informasjon

Kva tyder stadnamnet Fjone

Fjone er kanskje i slekt med Fjon i Sveio, Hordaland, og øynamnet Fyn i Danmark. Opphavet er usikkert, og fleire tolkingsfreistnader har vore lagde fram. Den danske namnegranskaren John Kousgård Sørensen har tenkt seg at Fyn siktar til vanskelege vindtilhøve, noko som kunne gjelda for Fjone òg. ”Vinden har [der] selv om sommeren, stor Magt”, seier Yngar Nielsen i Reisehaandbok over Norge. Ei indoeuropeisk rot *peu/*pû ’blåsa, svella (opp)’ kunne då liggja til grunn. ”Vindomsust” sier Bent Jørgensen om namnet Fyn i det danske stadnamnleksikonet Stednavneordbog. Av same opphav reknar ein ordet fjon ’blautt hår, dun’ o.l., dvs. det som fyk lett.

Botolv Helleland
inl.uio.no

Gravfelt frå jernalderen på Fjonemoen

Gravfeltet består av ni gravhaugar av temmeleg eins storleik, med ein diameter på 15-20 meter, medan høgda varierar meir. Fleire av haugane er "plyndra", men når dette er vart gjort, og kvifor, veit ein ikkje sikkert. Dei haugane som ikkje er øydelagde på denne måten, har og større eller mindre "groper" i toppen. Dette kan skuldast samansøkking av ein konstruksjon inne i haugen. Noko heilt særskilt med dette gravfeltet er dei små, djupe hola i vestkanten av nokre av haugane. Ein kan ikkje seie kva dei tyder, men dei har truleg noko med gravleggings- og forfedredyrking å gjere. Det same gjeld "fotgrøftene" rundt haugane, som her er uvanleg markerte. Gravene vart i jernalderen oftast lagde nær garden, slik at det var kontakt mellom dei levande og forfedra feira. Einskilde stader i landet vart det ofra til gravhaugane -t.d. øl, til langt opp mot vår tid.

Fjellveggmålingar på Fjone

Kvithammeren:
Feltet er ca. 1 m² stort og omfattar 6 måla figurer. Målingane ligg ca. 3 km nord for Fjone. Fjellet stuper bratt ned i sjøen og feltet er bare tilgjengeleg frå båt. Hellemålingane viser seg som ein ljos flekk ca. 4 m over vatnet og er klart synleg. Figurane er måla med raudfiolett farge, men er delvis utviska eller øydelagde ved overmåling. To av figurene er stiliserte, kroppsornea dyr - antakeleg elg. Dessutan finnes ein skjematisk tegning av ein dansende figur og ein båt med mannskapsstikar. Dei øvrige linjene er det vanskeleg å tolke betydningen av. Det største dyret er ca. 30 cm langt.
Litt.: E. Engelstad 1934, G. Hallstöm 1938.


Trontveit:
Feltet ligg ca. 700 m sør for Trontveit. Figurene ligger like ved vegen og nær vatnet. Det er identifisert 10 figurar, men fargerestar viser at det må ha vøri mange fleire. Fargen er nærmest rustraud og temmelig utvaska. Ein av figurene kan bestemmes som et sterkt stilisert dyr med kroppsmønster. De øvrige er timeglassformede dansende mennesker og et nesten ornamentalt sikksakk-lignende mønster. Ingen av figurene er større enn 50 cm.
Litt.: E. Engelstad 1934, G. Hallstöm 1938.

---


© Leif Haugstøyl & Gunnar Fjone  -  www.fjone.no, info @fjone.no